ski-visit-ulstein
Foto: Gunnar Wiik

Skiløyper

På ski i havgapet

Skiløyper

På ski i havgapet

Du finn mange kjekke skiløyper i Ulstein. Nokre løyper er trakka opp av trakkemaskin, medan nokre blir laga av deg i det du glir gjennom det kvite landskapet på veg mot Mosvatnet, Hasundhornet eller kanskje Brørne?

Om du helst vil halde deg nede på bakken, kan dei trakka skiløypene på Gåsneset ut mot Flø anbefalast.

På vinteren når det lavar ned med snø, vert det trakka opp ei 3,3 km lang skiløype på bana til Sunnmøre golfklubb. Les meir om korleis du kjem deg til golfbana her.

Moglegheitene er mange, her er det berre å spenne på seg skia, finne ein stad du vil gå og nyte vinterlandet i havgapet. God tur!

Praktisk info

Nydelege skiløyper hos Sunnmøre Golfklubb

Kva med 3,3 km topp preparerte langrennsløyper i kupert og nydeleg natur? Ta deg ein tur til golfbana på Hareid, spenn på deg skia og nyt stillheita.

Anna nyttig