sunnmøre-golfklubb
Foto: Sunnmøre golfklubb

Golf på Hareidlandet

Sunnmøre Golfklubb ligg i Hareid kommune, eit par minutts køyretur frå Ulsteinvik.

Sunnmøre Golfklubb

Sunnmøre Golfklubb ligg i Hareid kommune, eit par minutts køyretur frå Ulsteinvik.

Med Sunnmørsalpane som kulisse kan du tilbringe dagen på ei særs flott golfbane med fleire vatn og elvar rundt bana.

Frå uteområdet på framsida har ein utsikt mot green på hol 9, hol 7 og øvingsområdet som er tilrettelagt like ved klubbhuset på Sunnmøre Golfklubb. Driving rangen ligg like ved parkeringsplassen på baksida av klubbhuset.

Golfbana

Bana har 8 vatn i spel, samt fleire elvar og sidevannshinder, noko som er med på å auke bana si vanskegrad. 3 av hola er par 5, noko som resulterer i at banens par er 74. Verdt å merke seg er hol 6 som er bana sitt signaturhol og hol 7 med vakker utsikt med klubbhus og Sunnmørsalpane i bakgrunnen.

Klubbhuset

I klubbhuset finn ein  Cafè Tap-in, kontor og konferanserom. I kjellaren på klubbhuset er det garderobe, med alle fasiliteter.

På vinteren. når det er nok snø, vert det laga til ei 3,3 km lang skiløype på golfbana.

Sjå fleire tips til ein aktiv ferie her

Praktisk info

Adresse: Snipsøyrdalsvegen 77, 6060 Hareid

E-post: post@sunnmoregolf.no

Les meir på Sunnmøre golfklubb sin nettstad 

Les meir om Sunnmøre golfklubb på Facebook

Anna nyttig