turstiar-visit-ulstein-gamleeidet-fjelltur
Gamleeidet.

Turstiar

Ut på tur – aldri sur!

Turstiar

Ut på tur – aldri sur!

Det er mange kjekke og enkle turar i Ulstein – både nær Ulsteinvik sentrum og rundt. Arbeidet dei siste åra med å utvikle eit lett tilgjengeleg system av flotte turstiar, har gjort det å komme seg ut på tur i fjella i Ulstein veldig populære blant store og små. Mange av turstiane er gruslagde og dermed også godt tilrettelagde for både rullestolbrukarar og syklistar. Mykje av Ulsteinfjella  har slik blitt gjort lett tilgjengeleg og blitt til ynda utferdsmål gjennom heile året. Det har  blitt enkelt å berre ta deg ein løpetur på fjellet, å sykle opp til Hasundhornet og sjå solnedgangen eller ta med borna og spise middagen som nistepakke på Osberget. Og når du er klar for å dra heim eller ta ein kafétur, er Ulsteinvik berre rett ned i vegen.
Turstiane i Ulsteinfjella er bygde av Ulstein kommune i samarbeid med Trimgruppa i IL Hødd. Lokalt næringsliv har bidratt vesentleg i dette arbeidet.

Desse Stikk UT!-turane finst i Ulstein:

  • Aursnesvatnet rundt
  • Blåtinden
  • Breifjellet
  • Garnestua frå Løset
  • Garnesvatnet
  • Høgda på Eika
  • Høgåsen frå Kleven
  • Lisjenotten
  • Nibben
  • Nissevegen
  • Osberget nord
  • Roppehornet
  • Røyrafjellet

Praktisk info

  • Ulstein kommune har laga eit flott kart over turar på Hareidlandet som du kan skrive ut og ta med. Kartet finn du her
  • Du finn mange kjekke og enkle, men også meir tidkrevande og vanskelege turar på nettstadane Stikk UT! og Morotur
  • Parkering finn du som regel rett ved der turstien startar

Hasundhornet

Sidan den nye turstien til Hasundhornet vart opna våren 2020, har den rukke å bli ein av dei mest populære turane på Hareidlandet. Turen opp tek ca. 20 minutt, stien er gruslagd og lett tilgjengeleg for folk i alle aldrar, også dei med barnevogn eller rullestol. På toppen blir ein belønna med eit nydeleg utsyn over havet i vest og fjella i aust.

Foto: Åge Grimstad

Høgåsen

Høgåsen er med sine 250 moh. Dimnøya sin høgste topp. På toppen har du ei flott utsikt over Ulsteinvik, Herøy og fugleøya Runde.

© Fotograf Cecilie Hatløy

Uglesætra

Uglesætra er kanskje den mest populære utfartsstad for born. Ein liten køyretur unna Ulsteinvik finn du Dimna, der Uglesætra ligg. Etter ein liten rusletur for ein liten venn på vel 20 minutt gjennom spennande skog, får ein løn for strevet med ei ekte skattekiste full av diamantar! I området rundt er det mange morosamt figurar utskårne i tre, husker og andre leiker. Uglesætra er ein perfekt leikeplass i skogen og ein kjekk stad for små og stor å spise lunsjen sin.

Kiberget

Turen opp til Kiberget (Nevstadnipa) er en kjekk tur som tar deg på gruslagd sti forbi vassverket, deretter natursti og litt myrlendt terreng. Turen tar ca. ein time opp, og på toppen får du betalt for strevet med eit flott utsyn austover mot Hareid og Sunnmørsalpane, vestover mot skjergarden utanfor Ulsteinvik, havet og fuglefjellet Runde.

Trollskogen, Osberget.

Osberget

Turen opp til Osberget er ein enkel og kjekk tur for små og store. På stiane rundt Osberget finn du fine stiar, spennande trollskog, myrull og blåbær. Frå toppen har du eit flott utsyn over Ulsteinvik.

Nibben

Turen opp til Nibben gjer du på fin gruslagd veg gjennom ulike typar skog. På vegen finn du fine rasteplassar og kjekke små stader der borna kan leike. Om du har lyst å slappe litt av på toppen, er det mange store tre å knyte hengekøya fast i.

Foto: Åge Grimstad

Mørdarbakken

Turen opp Mørdarbakken er ikke akkurat ein «walk in the park», treningseffekten, derimot, er stor! Her går du nesten rett opp på fjellet der eit nydeleg utsyn ut mot havet ventar deg.

Anna nyttig