hjørundfjorden
Håvard Myklebust/fjellfotografen.net

Hjørundfjorden

Spektakulære Hjørundfjorden

Hjørundfjorden

Spektakulære Hjørundfjorden

Hjørundfjorden har lenge stått litt i skuggen av storesøstera, Geirangerfjorden. Medan Geirangerfjorden tronar på UNESCO si verdensarvliste og blir trafikkert av ei to-sifra mengde av cruisebåtar kvar sesong, ligg Hjørundfjorden der som ein uslepen diamant, kanskje best kjend blant fjellklatrarar, frikøyrarar på ski og lokalbefolkninga. Heldigvis er det fleire som er i ferd med å få augene opp for fjorden med sine spektakulære omgjevnader, perfekt for uteaktivitet.

Slogen

Fjellet Slogen har vore ein ynda favoritt blant fjellturistar i over hundre år. Her finst det fleire ruter ein kan ta. Sjå gjerne Ut.no for meir informasjon.

Norangsdalen

Ein tur gjennom den tronge og mystiske Norangsdalen opp til Lygnstøylsvatnet er ein særeigen tur  som ein absolutt bør ta seg tid til!

Praktisk info

  • Sæbø i Hjørundfjorden ligg ein times køyretur frå Ulsteinvik. Sæbø er eit flott utgangspunkt for turar i og rundt Hjørundfjorden. På Sæbø går det og ferje over Hjørundfjorden til Urke og Hotel Union Øye
  • Visit Ålesund si nettside om Hjørundfjorden
  • Har du lyst til å ta turen opp Urkeegga? Stikk gjerne innom Saksa turstiforeining si facebookside for informasjon.
  • Dykkepedia si nettside om Lygnstøylsvatnet

Anna nyttig