Om Visit Ulstein

På denne nettsida kan du finne kvar du kan plassere hengekøya di, kvar du kan buldre eller surfe, kvar ungane kan leite etter troll og ugler, kvar du kan sjå sola smelte i havet eller kvar du kan leige gratis turutstyr for å utforske fjella og havet her.

Vi ønskjer deg kjekke opplevingar her i riket vårt mellom himmel og hav.

ulstein-kommune-dronebilde-per-eide
Foto: Per Eide

Reiselivsprosjekter Visit Ulstein er leia av Ulstein Næringsforum i samarbeid med Ulstein kommune. Visit Ulstein har fått finansiell støtte frå Møre og Romsdal Fylkeskommune og Sparebanken Møre.

Vi er stolte av dei særs dyktige samarbeidspartnarane våre: Tegneren, som har levert profil og logo, og Fantastiske Osberget, som har levert nettside.