ulsteinvik-heimebane

Ulsteinvik

Heimebane

Ulsteinvik

Heimebane

Ute i havgapet, blant knausar, skjergard og strand på Søre Sunnmøre, finn du den sjarmerande kystbyen Ulsteinvik med fastlandssamband til resten av verda. Ulsteinvik med sine 8600 innbyggarar er sentrum i Ulstein og byr på kjekke opplevingar for store og små gjennom heile året. Eit stort tal serveringsstader, badeland, bibliotek, kino og fleire spennande nisjebutikkar gir deg urban puls samstundes som du er tett på den storslåtte sunnmørske naturen.

Historia i Ulstein går tilbake til dei tidlegaste tider då isbreane trekte seg tilbake og menneska slo seg ned langs kysten. Her har det budd folk i fleire tusen år, og det ser du mellom anna spor av i alle dei freda kulturminna. I dag er Ulstein eit internasjonalt og dynamisk samfunn kjent for verdsleiande maritim innovasjon, skipsverft og sportsbragder i verdsklasse.

Les meir om Ulsteinvik her

Praktisk info

Offentleg toalett

Det er offentleg toalett tilgjengeleg ved busstasjonen (v/ «Mjøl og Meir»). Det er også toalett på biblioteket, Blåhuset og Amfi Ulsteinvik.

Opningstider

Dei fleste butikkane har ope frå kl. 10-18/19. Sjekk butikkane sine eigne facebooksider for heilt oppdatert informasjon. Daglegvarar, apotek og vinmonopol har andre opningstider.

Anna nyttig