ålesund
Foto: Sverre Hjørnevik/www.fjordnorway.com

Ålesund

Art deco + klippfisk = sant

Ålesund

Art deco + klippfisk = sant

Jugendstilbyen Ålesund ligg nydeleg til i havgapet med utsyn mot Valderøya, Godøy og Giske i vest og Nordøyane i nord. Sunnmøre sin hovudstad er ein utruleg vakker by, rik på fantastisk arkitektur, spennande historie, gode spiseplassar, kjekke butikkar og opplevingar. Kva med å gå til topps på Aksla, byfjellet som ligg nokre hundre skjerpa-trappetrinn over havet, og nyte utsynet mot havet i vest? Eller kva med ein tur til Atlanterhavsparken, der du kan oppleve sel, pingvinar, oter og mange av fiskesortane som høyrer til her? Om du helst vil dykke ned i restaurant- og butikklivet i byen, har du mange opplevingar i vente.

Praktisk info

  • For oppdatert informasjon om kva som skjer, sjekk Destinasjon Ålesund og Sunnmøre sin nettstad
  • Ålesund er lett å komme seg til frå Ulsteinvik. Det går hurtigbåt frå Hareid til Ålesund. Turen tek 20 minutt. Ein kan også ta ferje frå Hareid til Sulesund og køyre inn til Ålesund. Denne turen tek deg ein knapp time.

Hurtigbåt- og fergeruter

Anna nyttig