borgarøya-visit-ulstein-ulsteinvik-kommune

Borgarøya

Den gamle handelsstaden ligg idyllisk til i skjergarden ved Ulsteinvik

Borgarøya

Den gamle handelsstaden ligg idyllisk til i skjergarden ved Ulsteinvik

Namnet kjem av at det har vore «borgarar» her sidan tidleg på 1600-talet. Det var folk som hadde løyst «borgarbrev» og hadde rett til å reise langs kysten og drive handel. Staden låg sentralt ved den gamle skipsleia mellom Bergen og Trondheim. Handelsmenn frå Bergen hadde varelager på øya og dreiv byte mot fisk og landbruksprodukt.

Hovudhuset på øya er frå 1700-talet, og på det meste var det 17 ulike bygningar her. Der var fast handel fram til 1880-åra. Etter 1920 vart staden nytta til bustadføremål, og sidan 1983 har Ulstein kommune restaurert og teke vare på hovudhuset.

I dag er Borgarøya ein populær utfartsstad og om sommaren er det kafédrift i det gamle handelshuset.

Du må ha båt for å kome dit og der er fine brygger.

Praktisk info

Fasilitetar for båt ved Borgarøya
  • Straum og vatn er lagt ned til brygga
  • Betaling kan skje med Vipps eller kontant
  • Der er ikkje tilgang til dusj

Besøk Borgarøya på Facebook her

Anna nyttig