høge-tindar-visit-ulstein-brørne

Høgt i det blå

Og mjuke fjell

Høge tindar

Og mjuke fjell

Ulstein har eit hav av passelege fjelltoppar å by på. Tindane er høge nok til at ein får bryne seg, samstundes som dei er forholdsvis lett tilgjengelege for små så vel som store.Og ikkje nok med det – fjellturar i Ulstein byr på eit utsyn vel verdt turen! For kvar kan du oppleve eit 360 graders panorama av storhavet og alpetindar frå toppen av eit fjell? Som du skjønar byr fjellturane på Søre Sunnmøre på meir enn berre vanleg kost. Gjer deg klar for å bli bergteken.

Foto: Leif Ringstad

Blåtinden

Blåtinden 697 moh. er det høgste fjellet i Ulstein, med storslått utsikt inn mot Storfjorden og Sunnmørsalpane. Turstiar frå Løset, Ringstaddalen, Haddal og Eiksund. Spesielt er turen frå Løset via Bukketrappene og Kongsvollen verd å få med seg.

Roppehornet

Roppehornet er 412 meter høgt. Det er fleire turvegar opp dit, den hardaste går langs fjellet frå Gåsneset, mens den enklaste går frå Flø, der ein går på kjerreveg, tursti og til slutt langs fjellkanten opp til toppen. Utsynet frå toppen av Roppehornet er spektakulært – og vel verdt turen.

Kiberget

Turen opp til Kiberget (Nevstadnipa) er ein kjekk tur som tar deg på gruslagd sti forbi vassverket og på sti og litt myrlendt terreng. Turen tar ca. ein time opp, og på toppen har du eit fantastisk utsyn austover mot Hareid og Sunnmørsalpane, vestover mot skjergarden utanfor Ulsteinvik, ut mot havet og fuglefjellet Runde.

Foto: Åge Grimstad

Garnestua

Garnestua 654 moh. er ein fin fjelltur både sommar og vinter. Sommarrutene går i tørre og fine råser frå Garnes, Haddal og Fjelle. På vinterstid er skituren frå Hasundhornet over Flåna til Garnestua ein flott tur. Garnestua til venstre på bilete.
Foto: Åge Grimstad

Haddalshornet

Haddalshornet ligg 611 moh. og er eit fint fjell å gå på. Det er fleire ruter opp, og frå Haddalshornet kan du ta turen vidare til Blåtinden, som er høgste fjelltoppen i Ulstein. Frå toppen av Haddalshornet har du utsyn mot Leikong, øyane i nordvest og Sunnmørsalpane. På biletet ser du Haddalshornet til høgre.

Hasundhornet

Sidan den nye turstien til Hasundhornet vart opna våren 2020, har den rukke å bli ein av dei mest populære turane på Hareidlandet. Turen opp tek ca. 20 minutt, stien er gruslagd og lett tilgjengeleg for folk i alle aldrar, også dei med barnevogn eller rullestol. På toppen får ein eit nydeleg utsyn over havet i vest og fjella i aust.

Foto: Åge Grimstad

Skolma

Lengst nord på øya, i Hareid kommune, finn ein Skolma, 635 moh. Turen til toppen går sommarstid enten frå Ytredalen i Brandal, eller frå Flø og langs den bratte fjellsida mot Breisundet. Her har ein flott utsikt mot havet, øyane i nord og Ålesund.
Foto: Morotur.no

Midtfløhornet

Midtfløhornet vert av mange omtala som fjellet der ein får det vakreste utsynet på heile Hareidlandet. Turen opp er litt bratt og luftig, men vel oppe har ein nydeleg utsyn mot storhavet og øyane rundt.

Foto: Åge Grimstad

Kjerringa

Kjerringa på Flø er 428 høg og har både flott utsikt og ein «pinnacle» å by på.
Du kan nå toppen via Trongegjølet på Ytre-Flø eller ta turen langs egga frå Midt-Fløhornet, som er ei oppleving i seg sjølv.
Foto: Åge Grimstad

Kongsvollen

Kongsvollen ligg 683 moh. og er høgste fjellet i Hareid kommune. Etter ein liten køyretur frå Ulsteinvik kjem du til Haddal, og der går vegen opp mot både Kvamstua og Blåtinden før ein når Kongsvollen. Utsynet mot Vartdalsfjorden og Sunnmørsalpene er spektakulært!

Foto: Åge Grimstad

Brørne

Brørne ligg 620 moh. Ein tur til Brørne er nok først og fremst ein tur mange tek vinterstida. Storebroren som ligg lengst mot nord, er lett tilgjengeleg frå sør, og har fin utsikt både ut mot havet og innover fjordane og Sunmørsfjella.
Foto: Morotur.no

Veten

Veten er 520 meter høg. Du når toppen på ein fin tur som går via Midtfløhornet. På toppen er det ein liten varde. Utsynet er flott, og du ser nordover mot Ålesund, Valderøya og Vigra.

Anna nyttig