RIB-og-båtturar
Foto: coastsafari.no

RIB- og båtturar

Kva med ein RIB-tur i skjergarden eller ein fisketur til gode lokale fiskeplassar?

RIB- og båtturar

Kva med ein RIB-tur i skjergarden eller ein fisketur til gode lokale fiskeplassar?

RIB-tur

Bli med på ei actionfylt og minnerik oppleving med RIB og kom tett på den flotte skjergarden på Sunnmøre! RIB-båtar er perfekte til fjordsightseeing og fjordsafarier, ein fartsfylt tur på havet eller transport mellom destinasjonar.  Aktiviteten passar for alle, det vere seg sommar, vår eller haust.
Ombord får alle varme dressar og briller, så det einaste du treng tenke på er gode sko, ei tynn lue og kamera.

Det kan setjast opp turar etter ønske. Den mest populære turen tar ca. 2 timar (Quality Hotel Ulstein, Ulsteinvik –  Handelsstaden Borgarøya – Selkoloni ved Grasøyane – Vraket av Acherendam ved Runde – Fuglefjellet og Grottene ved Runde – Straumane frå Leinevika til Eggesbø – Flåvær og Torvholmen – Herøy Gard og gamle Herøy Kyrkjegard – Gjennom Stokksund – Ulsteinvik – Skipsteknisk senter)

Kapasitet: 12 pers.

Sjå fleire tips til ein aktiv ferie her

Praktisk info

Les meir om dei forskjellige turane på nettstaden til Coast Safari

Bestill tur

Tlf: +47 70 01 30 00
E-post: post@coastsafari.no

Havfiske

I samarbeid med mannskap på fiskeskøyta «Stero» tek vi deg med ut i havet og du får teste fiskelykka i frisk sjøluft. Det er også mogleg å få tilberedt eit deilig fiskemåltid når vi er tilbake ved hotellet. Turen kan leggast opp for grupper inntil 20 personar.

Pris
kr. 1500,- per time (for grupper inntil 5 personar).
kr. 2200,- per time (for grupper over 6 personar).

Pris inkluderer fiskeutstyr, mannskap, guiding og historiefortelling. Pris på drikke kjem i tillegg til prisane. Nøyaktig pris oppgis ved førespurnad. Totalt 3 timar.

Skjergardstur

Bli med på ein annleis skjergardstur med den historiske og verdneverdige fiskeskøyta MS Hindholmen. Her får du eit innblikk i unik fiskerihistorie kombinert med frisk sjøluft. Vi legg turen opp heilt etter ditt ønske. Ønsker de servering ombord kan vi ordne det, og det er mulig å gjere strandhogg eller besøke bestemte turmål etter ønske. Båten har stor salong under dekk, og god plass dersom véret ikkje viser seg frå si beste side.
MS Hindholmen har kapasitet på inntil 60 personer.

Eller kva med å kjenne på yachtlivet ombord i vår elegante MS Solveig! Her kan du nyte dagen med god mat og drikke, mens vi seiler rundt i vår vakre skjergard.
Kapasitet på inntil 12 personer.

Båtutleige

Ønsker du å utforske vår skjergard på eiga hand, finne din “eigen” vesle holme eller fiske for deg sjølv? Då kan du leige ein av våre småbåtar og ta deg ein tur med den. Coast Safari har 2 småbåtar med påhengsmotor for utleige.  Båtane er av merke «Happy» og heiter «Happy I» og «Happy II».

Båten har:
– 1 bensinkanne med 24 l. bensin
– 1 reservekanne med 5 l. bensin
– 1 bøtte med fiskeutstyr (5 fiskesnører og 1 fiskekniv)


Pris

– Inntil 6 timar: kr 1000,- (inkl. 1 tank bensin – 24 l).
– Over 6 timar: kr 1600,–  (inkl. 1 tank bensin – 24 l).
Leige av flytedrakt: kr 150,-

Anna nyttig