ishavsmuseet-aarvak
Foto: Ishavsmuseet

Ishavsmuseet Aarvak

Polare Søre Sunnmøre

Ishavsmuseet Aarvak

Polare Søre Sunnmøre

Eit godt kvarters køyretur unna Ulsteinvik finn du ishavsbygda Brandal med det flotte Ishavsmuseet Aarvak.

Ishavsmuseet Aarvak er eit unikt museum som fortel historia vår om fangst, fiske og ekspedisjonar i polare område, med hovudfokus på selfangst og overvintringsfangst. Her kan du sjå flotte utstillingar og lære om korleis det var å overvintre i isen og fangste sel og andre dyr. Du kan også gå ombord i ishavsskuta Aarvak, som i dag står på land, og kjenne litt på korleis det var å arbeide om bord på ei ishavsskute.

Brandal har ei lang og spennande historie knytt til selfangst og ishavet. Allereie i 1898 la den første ishavsskuta frå kai i Brandal med selfangst i Nordishavet som mål. Dette var starten på ein ny næringsveg for Sunnmøre og Vestlandet. Brandal vart etter kvart eit senter for all selfangst og polar-ekspedisjonar frå heile Vestlandet. Her vart det bygd mottaksannlegg i land for både sel-produkt og sild-olje. Fram mot siste verdskrig vaks det fram eit miljø i denne vesle bygda som var eineståande for heile landet. Det var ikkje berre pelsskinn og selspekk dei tok med seg heim, dei fanga også levande isbjørn og moskus som dei leverte til dyrehagar rundt om i Europa. Dei hadde moskusar gåande på beite oppe på fjellet, isbjørn i bur på sjøbuene og jamvel kvalross symjande under sjøbugolva i påvente av sal.

(Tekst og bilete: Ishavsmuseet)

Praktisk info

Les meir på Ishavsmuseet sin eigen nettstad

Opningstider
Mandag-fredag 11:00 – 16:00
Laurdag & søndag 12:00-16:00
(Frå 15. april til 20. oktober)

Alle dagar 11:00 – 17:00
(Frå juni til august)

Pris
Vaksne 90,-
Born 40,-

Adresse
6062 Brandal
Tlf:  70 09 20 04 / 951 17 644
post@ishavsmuseet.no

Anna nyttig