Hindholmen-skute-ulsteinvik
Foto: hindholmen.no

Hindholmen

Ta ein tur med den unike og verna fiskebåten M/S Hindholmen.

Hindholmen

Ta ein tur med den unike og verna fiskebåten M/S Hindholmen.

M/S Hindholmen er den siste eksisterande fiskebåten av sitt slag. Den vart bygd i Kristiansand i 1916 i klinka stål, har ein original Wichman AC3 maskin frå 1954 ombord og hadde Vartdal som siste heimehamn.
M/S Hindholmen er totalrestaurert og verna av Riksantikvaren. Den har museum ombord og kan ta turar over heile Sunnmøre.
Stiftinga Hindholmen har ansvaret for vern og drift av MS Hindholmen. Hindholmen er verna som delvis 1916/1950 modell for å vise komande generasjonar om korleis far, bestefar og oldefar hadde det på sjøen.

M/S Hindholmen har plass til 60 passasjerar.

Teknisk info

  • Kallesignal: LECS
  • Fiskerimerke: M-16-VD
  • Byggeverft: Kristiansands Mekaniske Verksted, Bnr 157t
  • Byggeår: 1916
  • LOA: 35,8 meter
  • Breidde: 5,85 meter
  • Hovudmotor: Wichmann 3AC 240 hk
  • Styremaskin: Tennfjord
  • Marsfart: 9 knop
  • Hjelpemotor 1: Lister, Lavtrykkshydraulikk og 220v DC
  • Hjelpemotor 2: Yanmar/UNI power 220v AC 11 KW
  • Dekksutstyr: Hovudvinsj:  Hydraulikk Brattvaag
  • Linespel: Hydraulik Brattvaag
  • Passasjersertifikat: 60 passasjerar + 4 mannskap
  • Fartsområde: Liten kystfart i sommarhalvåret

Praktisk info

Booking

E-post: mshindholmen@gmail.com
Tlf: +47 952 89 335

Anna nyttig