hødd-høddvoll-stadion-ulsteinvik-ulstein-kommune-sport-idrett
Foto: Åge Grimstad

HØDD

Liten, men stor!

Hødd

Liten, men stor!

Historia til Idrottslaget Hødd går heilt tilbake til 1919. Trass i storleiken på rekrutteringsområdet og mykje vind og ver har Hødd har vore ein del av norsk toppfotball i seksti år. Hødd er laget med flest kampar på nest øvste nivå i Noreg og vart cupmester i 2012 da dei slo Tromsø. Hødd har også fostra mange store fotballspelarar opp gjennom tida, som t.d. Åge Hareide, Jan Åge Fjørtoft, André Nevstad og, ikke minst, brørne Hallbjørn og Kjetil Hasund. Siste store namnet i rekka er Ørjan Håskjold Nyland.

Høddvoll

Høddvoll stadion må ha den finaste plasseringa av alle fotballstadion i Norge og vart offisielt opna 30. juni 1963. Tribuneoverbygget kom på plass i 1992, og ståtribuna vart bygd før Tippeligasesongen 1995. Den største renoveringa kom i 1999, da det vart lagt nytt gras- og tartandekke. Høddvoll stadion hadde ein tilskodarkapasitet på 4 433, men etter at ståtribuna vart fjerna i samband med bygging av nytt stadion, er kapasiteten på 2 600 sitteplassar. (Kjelde: Hødd)

Banestorleiken er 105 x 67,5 meter og publikumsrekorden vart sett mot Vålerenga i kvartfinalen i cupen i 1981: det offisielle talet seier at det var 12 300 til stades.

Praktisk info

Les meir på heimsida til HØDD her

Anna nyttig