dimna-il-ulsteinhallen
Foto: Leif RIngstad

Dimna

«Ulsteinvik springer i fra resten av verden»

Dimna

«Ulsteinvik springer i fra resten av verden»

Dimna er ein av dei mest kjende friidrettsklubbane i Noreg. Den vart stifta i 1974, og heimebana er på Høddvoll stadion. Dimnautøvarar har kapra mange medaljar i nasjonale meisterskap, men ingen overgår Karsten Warholm som vart verdsmeister på 400 meter hekk i London i 2017, noko han gjentok i 2019 i Doha. Warholm vann 400m hekk under EM i Berlin i 2018 og har vunne kongepokalen i friidrett kvart år frå 2015-2019.
Karsten Warholm har både norsk og europeisk rekord på 400 m hekk med 46,87, som han sette i Stockholm i 2020.

Dimna har vore arrangør av fleire nasjonale meisterskap og er kjent for si store og gode rekruttering blant born og unge.

Dimna trener på Høddvoll og Ulsteinhallen. Ulsteinhallen ligg på Høddvoll og vart opna i 2015. Den er ein av seks hallar i Noreg med 6-felts løpebane.

Det vert kvart år arrangert innandørs friirettsstemne i i Ulsteinhallen, og sidan 2019 vert også Karsten Warholm International, eit stemne med deltaking av internasjonale stjerner, arrangert i februar.

Praktisk info

Les meir på heimesida til Dimna her

Les meir om Karsten Warholm International her

Anna nyttig