Ei sjelden oktogonal trekyrkje
Ei sjelden oktogonal trekyrkje
Ei sjelden oktogonal trekyrkje
Ulstein kyrkje ligg i Ulstein sokn i Ulstein kommune. Den er bygd i tre og stod oppførd i 1849. Kyrkja har åttekantplan og 400 sitteplassar. Arkitekt var sokneprest Hans Nicolai Wraamann.
Den gamle steinkyrkja på Ulstein vart bygd på 1100-talet og var soknekyrkje for Ulstein i om lag 700 år fram til lynet slo ned i kyrkjetårnet 30. oktober 1847. Den nye trekyrkja vart vigsla på Ulstein og stod der i knapt 30 år før ho vart flytta inn til Ulsteinvik, utvida og så vigsla i 1878.
Den nye kyrkja vart ikkje sett opp på den gamle kyrkjetomta, men på ei ny tomt like ved. Den gamle kyrkja vart riven heilt ned til grunnen, og steinen vart nytta til ny kyrkjegardsmur
I 1912 fekk kyrkja nytt altarbilete måla av sokneprest Christensen. I 1914 vart kyrkja restaurert og dekorert etter utkast av kunstmålar Johan Haddal, og i 1928 kom orgel på plass. I 1968 vart våpenhuset utvida, og i 1971 vart tømmerveggene avdekka. Paul Ott-orgelet med om lag 18 stemmer blei installert i 1977.
(Kjelde: https://mr.kulturnett.no/institusjon/ulstein-kyrkje og Wikipedia)
Sjøgata 61,
6065 Ulsteinvik