Quality Hotel Ulstein er eit moderne hotell idyllisk liggande ved sjøkanten i Ulsteinvik og den perfekte stad å bu for å utforske Ulstein og området rundt.
Rett utanfor hotelldøra finn du vegen til fleire fantastiske og familievennlege fjellturar. I tillegg ligg vi i nærleiken av både Flø, Runde og Hakkalegarden. Hotellet tilbyr RIB-turar som tek deg med til opplevingsrike stader langs den sunnmørske skjergarden.
Nokre få hundre meter unna oss finn du Ulstein Arena, med klatrepark, badeland og bibliotek. Vi deler også bygg med Sjøborg Kulturhus, som tilbyr det siste på kinofronten.
For nydeleg mat og drikke kan ein tilrå ein tur innom hotellrestauranten Pir Bar og Restaurant.