Fiske-båtar-i-ulsteinvik
Foto: Per Eide

Fiske

Den som fiskar syndar ikkje

Fiske

Den som fiskar syndar ikkje

I Ulstein er det mange gode moglegheiter for fiske i sjø og i ferskvatn. I havet kan du få både torsk og lyr, sei og brosme, lange og makrell. Eller kanskje ein sjøaure? Vatna på øya har aure, og i Hareidselva kan du til og med vere så heldig å få på ein laks! 

Om du ønskjer å fiske i havet, kan du leige båt hos Flø feriesenter.

Du kan også fiske i eit av dei mange fjellvatna i Ulstein. Meir informasjon om det finn du på Ulstein og Hareid Jeger- og fiskarforeining sin nettstad. Fiske med garn er ikkje lovleg for andre enn grunneigarar.

For fiske av blankfisk i elvar vert det kravd statleg fisketrygd (om du har fylt 18 år). I tillegg til statleg fisketrygd, krev grunneigarar fiskekort for nokre vatn og elvar.

 

Praktisk info

Fiskekort

Her får du kjøpt fiskekort:

Anna nyttig