Kunst i særklasse
Kunst i særklasse
Kunst i særklasse
Ut mot havet lengst mot vest i den vesle bygda Flø, med 170 innbyggjarar og ein butikk, ligg det anerkjende kunstgalleriet Studio Hugo Opdal. Her har store kunstnarar frå inn- og utland stilt ut kunsten sin. Studio Hugo Opdal er opptatt av å utfordre og forbløffe og har gjennom sitt “umoglege” prosjekt tiltrekt seg kunstnarar av nasjonalt og internasjonalt format, som til dagleg berre er å finne på galleri i m.a. Oslo, London, New York og Berlin.
Her har Damien Hurst stilt ut over 20 verk. Også Bjarne Melgaard har stilt ut, i tillegg til Sverre Bjertnes, Håvard Vikhagen, Ørnulf Opdal, Nico Widerberg, Knut Bry, Bård Breivik, Håvard Homstvedt og Kenneth Blom..
Kva sommar inviterer Studio Hugo Opdal til kunstivalen Go With the Flø. Her møtest kunst, musikk og mote i ei krysning mellom kunstfestival og bygdedagar. Kunstivalen blei arrangert første gong i 2010. Siden da har publikum fått sett verk av internasjonale kunstnarar som Damien Hirst, Peter Blake og Sarah Lucas – side om side med våre fremste norske.
I det tradisjonsrike forsamlingshuset Vonheim, med akustikk verdig eit gamalt kyrkjebygg, har artistar som Robyn Hitchcock, Bendik Giske, Moddi, Lowell og Magne Furuholmen stått på scena. Det internasjonale kunstnarkollektivet Apparatjik tok også turen til Go with the Flø, der dei spelte sin andre konsert nokonsinne.
I tillegg byr Go With the Flø på gratis aktiviteter for barn i alle aldrar – som skattejakt i fjøra, kunstverkstad og klovneundervisning.
Les meir om Studio Hugo Opdal hos visitmr.no