Andreasgarden
Foto: Åge Grimstad

Andreasgarden

Varmt velkomen til Andreasgarden!

Andreasgarden

Varmt velkomen til Andreasgarden!

Ut i havgapet på magiske Flø finn du vakre Andreasgarden Gjestetun, der Oddbjørg Vartdal og Lasse Holstad inviterer besøkande til å oppleve lokal mat og kultur på gardstunet sitt.

Kva med å nyte Oddbjørg si legendariske heimelaga fiske-og urtesuppe saman med heimebaka brød og garden si eiga hylleblom-saft?
Eller kanskje du har lyst til å nyte ein deilig kopp kaffi og eit kakestykke frå det makelause sunnmørske kakebordet ute i hagen eller ved elva der kvernhusa står? Dei dagane vêret ikkje viser seg frå si beste side, vert ein invitert inn i stova der Oddbjørg og Lasse fortel om Fløbygda og dei nærliggande turområda i distriktet. Lasse byr gjerne på perler frå den norske songskatten.

Kvart besøk varer om lag 2-3 timar og inneheld:

  • Eit varmt måltid mat + kaffi og kaker.
  • Historieforteljing og song
  • Omvisning på garden
  • Informasjon om turar i nærområdet
  • Det kan og verte høve til omvisning på Mowi sitt anlegg (Fløfisk)

Praktisk info

Pris
Vaksne: 280,-
Born: 100,-

Telefon: +47 416 38 662
E-post: vartdalo@gmail.com
Andreasgarden på Instagram

Andreasgarden si nettside