flø-ulstein-kommune-ulsteinvik
Foto: Per Eide

Flø

Der sola smelter i havet og storbåra bryt.

Flø

Der sola smelter i havet og storbåra bryt.

Flø er heilt spesielt. Dei som bur der, bygger på tufter som går tilbake til vikingtida. Her har folk og fe vandra i tusen år – og det er ikkje vanskeleg å skjøne kvifor, for ein vakrare og meir dramatisk stad skal ein leite lenge etter.

Flø ligg ut havgapet der båra har fri veg frå storhavet. Området er vérhardt og vakkert. Når du rundar svingen ved Gåsneset, vert dei landlege omgjevnadene endra til det meir røffe slaget. Naturens råskap byrjar vise seg, og når haust- og vinterstormane tek til, kan storhavet slå mot deg på den smale vegen langs Fløstranda. Her ute i havgapet kan du nyte einsame stunder på ei strand, buldre i eit anerkjent klatreområde, surfe i store og rullande bølgjer, bade i turkisgrønt vatn, gå tur i rullsteinsfjørene eller ta ein tur opp på dei majestetiske fjelltoppane som ruver heilt ute i havet.

Med storslått natur, kvite sandstrender og spektakulære solnedgangar er Flø eit ynda mål for mange. Om ein tek med seg litt niste og litt kaffi, er det fint å berre sitte i sjøkanten og nyte fuglelivet. Kanskje ørna tek seg ein tur – eller du får sjå havsulene forsyne seg av det store matfatet som havet er? Er du interessert i å rusle deg ein tur, er det mange kjekke stiar og fjelltoppar å ferdast på.

I kunstgalleriet Studio Hugo Opdal kan du oppleve utstillingar med internasjonale og nasjonale kunstnarar. Fleire kjem til Flø på kunstnaropphald og lar seg inspirere av den storslåtte naturen.

Klivrelaget driv aktivt med buldring på Flø.Surfing er også ein svært ettertrakta aktivitet å drive på Flø.

 

Praktisk info

Kunst

Nettstaden til Studio Hugo Opdahl

Buldring

Informasjon om buldring hos Klivrelaget (Søre Sunnmøre)

Informasjon om buldring hos Klatreklubben (Ålesund)

Surfing

Informasjon om surfing på Flø hos nettstaden til Surfing Waves 

Fjellturar

Les meir om stiar og fjellturar på Flø her

Anna nyttig