Grasøyane-grasøya
Foto: Per Eide

Grasøyane

Der ørna svev

Grasøyane

Der ørna svev

Grasøyane ligg ute i havet frå Flø. Dei to største øyene er Grasøya og Skjærvøya. Grasøya er berglendt og snau på vestsida, graskledd og med skjelsand og rullestein på austsida. Dei andre skjera er stort sett snaue.

Grasøyane er hekkeplass for sjøfugl, ender, vadare og småfugl og myteplass for ender og gjess. Det er forbod mot allmenn ferdsel i området i perioden 15.4-15.8. Alle fuglar og pattedyr med unntak av villmink er freda mot skade og øydelegging av ein kvar art. Dette gjeld og uroing av fugl eller fugleungar på eller ved reir, eller fugl med ungekull. Øyane er eit ynda mål for havkajakkpadlarar på ein godværsdag, da du kan komme tett på ørn og sel.

Fyrstasjonen har to fyrtårn. Det eine vart bygd i 1886 og står i den opprinnelege fyrbygninga i tre med tårn i hjørnet. Det andre er eit 16 meter høgt støpejernstårn frå 1950, det siste som vart bygd i landet. Fyrstasjonen vart automatisert i 1986 og får i dag straum frå eit solcellepanel.

(Kjelde: Miljødirektoratet og Wikipedia)

 

Praktisk info

  • Les meir om norske fyr her
  • Les meir om Grasøyane som fuglefredningsområde her

Anna nyttig