Ship o´hoi!
Ship o´hoi!
Ship o´hoi!
Trebaatfestivalen blir arrangert i Ulsteinvik kvart år på slutten av sommaren. Trebaatfestivalen er ein folkefest over mange dagar der fleire titals flotte trebåtar kjem til byen. Her får du oppleve konsertar med store artistar, teater, føredrag, utstillingar og meir med utgangspunkt i kystkultur.
Under Trebaatfestivalen blir det arrangert mykje for heile familien: konkurransar for borna, snikring av eigen trebåt, trebåtrace, palleløp, funballz, tivoli, konsertar med store artistar og dans i festivalteltet. Det yrande folkelivet og det store kulturtilbudet er for mange ei obligatorisk avslutning på sommarferien på Søre Sunnmøre.