bua-lån-av-turutstyr

Gratis lån av utstyr

Kvifor eige når du kan leige

Gratis lån av turutstyr

Kvifor eige når du kan leige

Gode opplevingar treng ikkje å koste skjorta. Faktisk treng det ikkje koste i det heile. Hos BUA i Ulstein kan du låne alt av turutstyr frå kajakk og telt til el-sykkel, tursko og fotball, gratis!

Ikkje berre er det å leige sirkulært og berekraftig, det er kjempeenkelt å leige utstyr hos BUA og du slipp å drasse med deg så mykje bagasje heimefrå når du skal på tur.

Leig utstyr hos BUA

Klikk deg inn på nettstaden til BUA, reserver det du ønskjer å låne og hent det i Ulsteinvik. Lett som ein plett!

Under kan du sjå fleire bilete som viser utvalet du finn på BUA i Ulsteinvik. Som du ser, finst det noko for ein kvar aktivitet og alle høve.

Praktisk info

Nettstaden til BUA

Opningstider

Måndag: 17:00-19:00
Tysdag:  stengt
Onsdag: 11:00-14:00
Torsdag: 17:00-19:00
Fredag: stengt
Laurdag: stengt
Søndag: stengt

Anna nyttig