Og mjuke fjell
Og mjuke fjell
Og mjuke fjell
Ulstein har eit hav av passelege fjelltoppar å by på. Tindane er høge nok til at ein får bryne seg, samstundes som dei er forholdsvis lett tilgjengelege for små så vel som store.Og ikkje nok med det – fjellturar i Ulstein byr på eit utsyn vel verdt turen! For kvar kan du oppleve eit 360 graders panorama av storhavet og alpetindar frå toppen av eit fjell? Som du skjønar byr fjellturane på Søre Sunnmøre på meir enn berre vanleg kost. Gjer deg klar for å bli bergteken.
Blåtinden 697 moh. er det høgste fjellet i Ulstein, med storslått utsikt inn mot Storfjorden og Sunnmørsalpane. Turstiar frå Løset, Ringstaddalen, Haddal og Eiksund. Spesielt er turen frå Løset via Bukketrappene og Kongsvollen verd å få med seg.
Roppehornet er 412 meter høgt. Det er fleire turvegar opp dit, den hardaste går langs fjellet frå Gåsneset, mens den enklaste går frå Flø, der ein går på kjerreveg, tursti og til slutt langs fjellkanten opp til toppen. Utsynet frå toppen av Roppehornet er spektakulært – og vel verdt turen.
Turen opp til Kiberget (Nevstadnipa) er ein kjekk tur som tar deg på gruslagd sti forbi vassverket og på sti og litt myrlendt terreng. Turen tar ca. ein time opp, og på toppen har du eit fantastisk utsyn austover mot Hareid og Sunnmørsalpane, vestover mot skjergarden utanfor Ulsteinvik, ut mot havet og fuglefjellet Runde.
Haddalshornet ligg 611 moh. og er eit fint fjell å gå på. Det er fleire ruter opp, og frå Haddalshornet kan du ta turen vidare til Blåtinden, som er høgste fjelltoppen i Ulstein. Frå toppen av Haddalshornet har du utsyn mot Leikong, øyane i nordvest og Sunnmørsalpane. På biletet ser du Haddalshornet til høgre.
Sidan den nye turstien til Hasundhornet vart opna våren 2020, har den rukke å bli ein av dei mest populære turane på Hareidlandet. Turen opp tek ca. 20 minutt, stien er gruslagd og lett tilgjengeleg for folk i alle aldrar, også dei med barnevogn eller rullestol. På toppen får ein eit nydeleg utsyn over havet i vest og fjella i aust.
Midtfløhornet vert av mange omtala som fjellet der ein får det vakreste utsynet på heile Hareidlandet. Turen opp er litt bratt og luftig, men vel oppe har ein nydeleg utsyn mot storhavet og øyane rundt.
Kongsvollen ligg 683 moh. og er høgste fjellet i Hareid kommune. Etter ein liten køyretur frå Ulsteinvik kjem du til Haddal, og der går vegen opp mot både Kvamstua og Blåtinden før ein når Kongsvollen. Utsynet mot Vartdalsfjorden og Sunnmørsalpene er spektakulært!
Veten er 520 meter høg. Du når toppen på ein fin tur som går via Midtfløhornet. På toppen er det ein liten varde. Utsynet er flott, og du ser nordover mot Ålesund, Valderøya og Vigra.