
Ny samling for U37 Søre Sunnmøre!
Korleis kan tilsette vere med på å auke synlegheita til arbeidsplassen sin på LinkedIn? Og kvifor er det smart for deg som arbeidstakar?
Vi får besøk av Sara Strand og Sara Jacobsen frå Takk for sist, som vil guide oss gjennom kva som faktisk fungerer på LinkedIn i 2026, og dele konkrete tips og enkle grep til bruken av plattforma.

Torsdag 19. mars

Klokka 08-10

Millennium Cowork
U37 Søre Sunnmøre er eit gratis lavterskeltilbod til samfunns- og næringslivsinteresserte under 37 år. Vekst i Hareid er arrangør i samarbeid med Ulstein Næringsforum og MAFOSS, og nettverket er sponsa av Sparebanken Møre sine TEFT-midlar.