Det er på høg tid at Sunnmøre får sin eigen strikkefestival, og no skjer det! Det er berre å setje av andre helga i mars 2024! Strikkebutikken Kreativiteten er arrangør, og inviterer saman med ein gjeng ivrige strikkarar til ei innhaldsrik helg i Ulsteinvik 8.-10. mars 2024. Det blir marknad, foredrag, strikkekino og møte med spennande designerar.