
Har du ein gard, eller lurer du på å starte opp med noko knytt til ein gard, er dette møtet for deg!
Moglegheitene er mange – nokon tenkjer kanskje gardsdrift, medan andre tenkjer jakt og fiske, turisme og reiseliv eller innovasjonar og produksjon av ulike type produkt.
Denne kvelden vil du få inspirasjon og tips til kva type aktivitet ein kan komme i gong med og kven som kan hjelpe til med alt frå planlegging og utvikling til finansiering.
Vi kjem tilbake med fullt program, men foreløpig kan vi røpe at Søre Sunnmøre Landbrukskontor og hoppid.no vil gi nyttig innsikt i kva ressursar og støtte som finst for dei som ønskjer å starte noko nytt på garden sin.
Det vil bli lett servering.
Vel møtt!