Kva skjer i Ulstein?

Oversikt over arrangement.

AlleBarn og ungdomHandelHumorKinoKonsertKulturprogramKursMat og drikkeNæringslivQuizTreningUtdanning og kompetanseUteliv
Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

Frukostmøte med presentasjon av konjunkturbarometeret

februar 10 @ 08:00

For medlemar i Ulstein Næringsforum.

SpareBank1 SMN ved banksjef næringsliv Fredric Bjørdal presenterer bankens årlege konjunkturbarometer, og tek med det pulsen på næringslivet i regionen.

SMN har gjort analyser av meir enn 20 000 rekneskap, intervjua fleire hundre bedrifter og gjort eigne bransjeanalysar av midtnorsk næringsliv. Med denne oppdaterte kunnskapen kan vi få presentert ny innsikt og prognosar for økonomisk vekst i landsdelen vår.

Rammevilkåra for næringslivet vil òg vere tema for denne frukosten: Kva skjer rundt oss, både ute i verda og her heime – og korleis påverkar det politiske landskapet oss?

Vi inviterar medlemar i Ulstein Næringsforum til å delta på frukostmøtet på Quality Hotel Ulstein med spennande fagleg påfyll denne morgonen!

Det er begrensa med plassar, så fyrstemann til mølla 😃

Detaljer

Arrangør

Sted