Kva har ein småbrukar frå Leikong, byjordbruk i Bergen og ein NRK-serie til felles? Svaret er Ida Kleppe – kjend frå «Draumen om eit småbruk» og boka «Idas kjøkkenhage».
Kom til Skaparhuset denne dagen og høyr Ida snakke om dyrking i bystrøk, før vi går ut og besøkjer eit bed i sentrum der Ida demonstrerer stell og klargjering for vinteren.
Vi håpar å samle folk som kan vere med å danne ei velforeining for sentrum og bidra til felles dugnadar og grøne prosjekt i byen vår, men ALLE som har lyst til å lære meir om stell av hage er hjerteleg velkomne!🌻
Arrangementet er gratis, men krever påmelding ved å fylle ut skjema her: https://forms.office.com/e/GkCQQmWY91
Ta kontakt på rebekka@ulstein-nf.no ved spørsmål.