I Ulsteinvik er det mange lett tilgjengelege parkeringsplassar. Dei fleste er gratis og er å finne rundt kjøpesentra Blåhuset og Amfi Ulsteinvik.
I Ulsteinvik er det mange lett tilgjengelege parkeringsplassar. Dei fleste er gratis og er å finne rundt kjøpesentra Blåhuset og Amfi Ulsteinvik.
Det er ladepunkt i Gjerdegata bak Ulstein Arena og ved Quality Hotel Ulstein (reservert overnattingsgjester ved hotellet).
På oppstillingsplassen bak Ulstein Arena kan du parkere bubilen din. Denne plassen gir prioritet til bubilar i alle skuleferiane.
Det er tømestasjon for bubilar i Saunesmarka, på nabotomta til Storehølvegen 21.
Les meir her
Det er kjekt å komme til Ulsteinvik sjøvegen. Det er fleire gjestehamner i Ulsteinvik. Les meir om dei her