Å finne gjestehamn i Ulsteinvik er ikkje spesielt vanskeleg. Her finn du ei liste over hamner tilrettelagt for tilreisande sjøfolk.

Ulsteinvik Gjestehamn ved Quality Hotel Ulstein, består av ei fast kai med trefront for større båtar og 150 meter med flytebrygger. Gjestehamna ligg midt i sentrum av Ulsteinvik med kjøpesenter, apotek, butikkar, bakeri, kino, kafear og restaurantar m.m. som næraste naboar. Meir om fasilitetar kan du lese her.
Ulsteinvik Marina, ved Stålhaugen 5, har gjestebrygge med plass til 10 båtar. Det er tilgang til vatn og straum ved brygga. Du kan fylle diesel og bensin frå kortautomat heile døgnet.
Straumane småbåtlag har gjestebrygge med plass til 2-3 båtar. Brygga ligg i eit roleg område like ved kolonialbutikken på Hasund. Det er tilgang til vatn og straum ved brygga.
Den gamle handelsstaden Borgarøya ligg idyllisk til i skjergarden ved Ulsteinvik. Gjestehamna har plass til 10 båtar. Der er tilgang til vatn og toalett.
Om du har behov for påfyll av drivstoff, finn du det på Saunes brygge. Der kan du kan fylle diesel og bensin frå kortautomat heile døgnet.