Kva skjer i Ulstein?

Oversikt over arrangement.

AlleForedragFriluftslivHandelKinoKulturprogramKunstutstillingKursNæringslivPolitikkUtdanning og kompetanseUteliv
Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Jubileumsbasar Eiksund Grendahus

mars 1 @ 15:00
Gratis

Det vert invitert til folkefest og hyggelig samvær når vi markerer at grendahuset i Eiksund fyller 50 år! Ta med familie, vener og naboar til ein innhaldsrik søndag.

Mat og drikke: Vi fyller borda med rykande varm brennsnut og eit flott utval av kaker. Her er det lov å unne seg noko ekstra godt til kaffien!

Spennande utloddingar: Det vert både tombola og åresal. Vi trekkjer vinnarane frå basarboka som er i omløp. Bli med i trekkinga og støtt det lokale samlingspunktet vårt. Kanskje er det du som stikk av med hovudpremiane i år?

Historisk tilbakeblikk: Lars Ødegård med fleire tek oss med på ei reise gjennom dei fyrste 50 åra til grendahuset.

HJARTELEG VELKOMMEN TIL STORE OG SMÅ!
Helsing Eiksund Bygdelag.

Detaljer

Sted