
Ship Technology Days 2026

3.–4. mars 2026

Ulsteinvik – Quality Hotel Ulstein / Skaparhuset
Arrangør: GCE Blue Maritime Cluster, Ulstein Næringsforum & MAFOSS
Ship Technology Days er tilbake for fjerde året på rad! To dagar spekka med teknologi, innsikt og framtidsretta diskusjonar – midt i hjartet av den maritime klynga.
I år set vi særleg fokus på korleis avanserte maritime operasjonar, digitalisering og nye arbeidsmåtar formar morgondagens maritime industri.

Dag 1 – Bedriftsbesøk & Blue Maritime Hangout
Tysdag 3. mars

12:00 – Lunsj på Skaparhuset

13:00 – Bedriftsbesøk 1: Ulstein Yard

15:00 – Bedriftsbesøk 2: TBA

17:00 – Blue Maritime Hangout
Uformell møteplass for bransje, forsking og utdanning – perfekt for nettverking og erfaringsdeling.

Dag 2 – Konferansedag
Onsdag 4. mars kl. 09:30–17:00
Konferansen løftar fram dei viktigaste teknologi- og digitaliseringstrendane som påverkar maritim sektor dei neste åra. Kvar sesjon blir avslutta med panelsamtale.
Meir informasjon om program finn du på nettsida;
https://www.aakp.no/…/ship…/blue-maritime-cluster

Konferansemiddag
Kvelden blir avslutta med ein uformell og sosial konferansemiddag – ein perfekt arena for vidare samtalar og nye relasjonar.

Fullstendig program vert lansert snart
Ship Technology Days er ein del av eit langsiktig arbeid for å styrke kompetanse, samarbeid og innovasjon i maritim sektor – og for å knyte saman forsking og industri slik at avansert teknologi blir til praktiske løysingar.
Konferansen blir arrangert av GCE Blue Maritime Cluster i tett samarbeid med Ulstein Næringsforum, MAFOSS og sterke fagmiljø frå MIDAS-prosjektet, leia av NTNU og støtta av Forskingsrådet.

Velkomen til Ulsteinvik – to dagar med teknologi, innsikt og samarbeid!
Kjøp billett!