© Fotograf Cecilie Hatløy

Velværebyen

Ta deg tid til eigenpleie!

Velværebyen

Ta deg tid til eigenpleie!

Uavhengig av om du bor i Ulstein, er innom ein gong i blant, eller berre streifar forbi, er dette staden for å ta eit pust i bakken. I vår vesle kystby finn du eit velværeeldorado for kropp og sjel. Her kan du velgje frå øvste hylle!

Pernilles clinique

Gjennom 20 år i bransjen har Pernilles Clinique eit svært erfarent og kompetent team av hudpleieterapeutar, sjukepleiarar, massørar og fotterapeutar. Her tilbyr dei luksuriøse hudpleieprodukt, sminke og behandlingar.

Tijera

Frisørsalongen Tijera ligg midt i hjartet av Ulsteinvik. Alle deira frisørar har svennebrev og kvalitet sitt i høgsetet. Dei bidreg gjerne med råd for å rettleie deg til draumefrisyra, og eit sunt og friskt hår.

Ulsteinvik Lashes

Anna hos Ulsteinvik Lashes er utdanna vippeteknikar og ekspert på vipper. Her er virkelig kunden i fokus! Ta turen innom salongen i Ulsteinvik sentrum.

Idyll Hudpleie

Idyll Hudpleie er ein hudpleieklinikk i Ulsteinvik sentrum, i tillegg til nettbutikk. Her jobbar Vanessa, som er utdanna både hudterapeut og makeupartist. Ho tilbyr eit breitt utval behandlingar innan skjønnheit og velvære, deriblant ansiktsbehandlingar, massasje, pedikyr og hårfjerning.

Carisma dame- og herrefrisør

Carisma ligg i Ulsteinvik sentrum, og tek imot både timebestilling og drop-in. Her har alle frisørane over 20 års erfaring i faget og er opptatt av å gi deg ein fin opplevelse i salongen.

Negle Club

Negle Club ligger på Amfi i Ulsteinvik sentrum. Her har dei eit breitt tilbod behandlingar, deriblant shellac manikyr, pedikyr, vippeløft og ordning av augebryn. Ved neglebehandlingar får du velje din favorittfarge blant OPI-naglelakkar.

Beauty by Anna

Velværesalongen Beauty by Anna ligg midt i Ulsteinvik sentrum. Her tilbyr dei eit breitt spekter med behandlingar, deriblant hudpleie, fotpleie, manikyr, permanent sminke, voksing og massasje. Ta turen innom for ei spaoppleving!

Nobel

Frisørsalongen Nobel ligg på Blåhuset i Ulsteinvik. Dei er opptatt av kvalitet, service og god atmosfære, og å kontinuerleg oppdatere eigen kunnskap. I tillegg til frisørtenestar tilbyr dei microblading, vippeexstentions, voksing, parykkar, barbering m.m.

Føhnix dame- og herrefrisør

Midt i hjartet av Ulsteinvik ligg Føhnix dame- og herrefriør. Dei jobbar for å gi kundane ei god velværeoppleving. Eit besøk hos dei byr på profesjonell hårbehandling, inspirasjon og ei avslappande atmosfære.

 

cof

Cryoklinikken Ulsteinvik

Klinikken ligg like utanfor Ulsteinvik sentrum og tilbyr både tradisjonelle behandlingar – og nokre du kanskje ikkje har prøvd før. Dei er kjende for cryobehandlingar og lymfedrenasje. I tillegg har dei massasje, ansiktsbehandlingar, voksing, bryn og vippebehandlingar, samt pleie av hender, føter og negler.

Massasje terapi Ulsteinvik

Midt i byens travle gater kan du senke skuldrene hos Massasje terapi Ulsteinvik. Få ein avslappande massasje av nakke, hovud eller rygg – eller kanskje du vil teste Hawaiian Lomi Lomi-massasje, holistisk massasje eller lymfedrenasje?