Lær sykunsten

Leit fram kreativitet og skaparglede på Saumrom Systue!

Lær sykunsten

Leit fram kreativitet og skaparglede på Saumrom Systue!

Marion driv systua Saumrom i Ulsteinvik. Her er skapargleda og engasjementet stort, og ho kan hjelpe deg med bøting, skifting av glidelåsar, omsaum og gjenbruk. Ho lærer gjerne bort sykunsten til andre, og er kjend for lærerike og kjekke kurs.

Enten du er heilt fersk, syr ein gong i blant, eller er dreven med symaskin, er vi sikre på at Marion kan lære deg noko nytt. Her kan du få opplæring i symaskin, drive redesign, sy kjolar eller vesker – berre fantasien sett grenser! Kurset kan finne stad kvar som helst, så lenge det er symaskiner tilgjengeleg. Det finst ikkje ein betre aktivitet for neste vennekveld eller jobbsamling.

Praktisk info

Ta kontakt med Marion på saumrom@hotmail.com eller 959 32 024 for planlegging og pris.

Les meir om Saumrom systue her.