Varmt velkomen til Andreasgarden!
Varmt velkomen til Andreasgarden!
Varmt velkomen til Andreasgarden!
Ut i havgapet på magiske Flø finn du vakre Andreasgarden Gjestetun, der Oddbjørg Vartdal og Lasse Holstad inviterer besøkande til å oppleve lokal mat og kultur på gardstunet sitt.
Kva med å nyte Oddbjørg si legendariske heimelaga fiske-og urtesuppe saman med heimebaka brød og garden si eiga hylleblom-saft?
Eller kanskje du har lyst til å nyte ein deilig kopp kaffi og eit kakestykke frå det makelause sunnmørske kakebordet ute i hagen eller ved elva der kvernhusa står? Dei dagane vêret ikkje viser seg frå si beste side, vert ein invitert inn i stova der Oddbjørg og Lasse fortel om Fløbygda og dei nærliggande turområda i distriktet. Lasse byr gjerne på perler frå den norske songskatten.
Kvart besøk varer om lag 2-3 timar og inneheld:
Pris
Vaksne: 280,-
Born: 100,-
Andreasgarden si nettside