eklogitt
Foto: Wikimedia/Woudloper

Eklogitt

Det er ikkje gull alt som glimer

Eklogitt

Det er ikkje gull alt som glimer

Eklogitt er ein heilt spesiell bergart det finst mykje av i Ulstein. Ja, ein reknar med at Ulstein har nokre av dei største forekomstane av eklogitt i landet. Berre Tromsdalstinden i Tromsø utgjer eit større volum.

Spesielt interessant er det at nesten heile Ulsteinvik ligg på eklogitt. Feltet strekkjer seg samanhengande til heile nordsida av Dimnøya og småøyane vestanfor. Her ligg eklogitten i dagen, mellom anna i Skjoranakken, på Kleiva og i Jøtulen på Dimna. Også på Hatløya og Borgarøya er bergarten lett synleg.

I Nordfjord og Møre og Romsdal blei eklogitten danna på opptil 130 km djupn for over 415-400 millionar år sida. Det skjedde da Vestlandet ble pressa ned i djupet under Grønlandsmarginen i samanheng med den kaledonske kontinent-kontinent-kollisjonen sitt klimaks. (Kjelde: snl.no)

Praktisk info

  • Kva: eklogitt er samansett av to mineral: granat og  pyroksen, i tillegg til m.a. rutil
  • Farge: frå grøn og raud til raudbrun
  • Storleik: ulik

Les meir om eklogittførekomstane i Ulstein her