Handel i verdsklasse

Kom og bli med på ein heilt unik handletur i havgapet

Handel i verdsklasse

Kom og bli med på ein heilt unik handletur i havgapet

Opplev den gode følelsen i handelsstaden Ulsteinvik. Her finn du eit rikt utval av varer og opplevelsar for ein kvar smak og lommebok. Ulsteinvik har ein lang tradisjon som handelsstad. Her finn du ei heilt unik samansetning av butikkar og restaurantar, og kremmarar som gjennom fleire generasjonar har opparbeida seg ein særs brei kunnskap om produkta sine med fokus på kvalitet. Dette sett stemninga for ein innhaldsrik og kjekk handletur med lave skuldrar.

 

Foto: Cecilie Hatløy

Amfi Ulsteinvik

På Amfi finn du Apotek 1, Vita, Bellis Blomster, Brilleland, Kappahl, Bunnspris, Norli, Dressmann, Negle Club, Cubus, Kiwi, Skoringen, Ringo, Match, Christiania Glassmagasin, Braud og Bollur, Kid interiør, Princess, Zoo-1, Kitch’n og Ulstein Bowling.

Overvåg

Midt i sentrum ligg Overvåg, som har kledd opp Sunnmøringar i over 60 år! Her finn du eit stort og spennande utval i dame- og herreklede av høg kvalitet og får ein heilt nydeleg service!

Foto: Cecilie Hatløy

Mjøl & Meir

Handverksbakeriet Mjøl & Meir bakar nydeleg gjærbakst og brød og serverer deilig kaffe midt i Ulsteinvik sentrum.

Bizarre Klær, Interiør og Galleri

Bizarre held til i Kyrkjegata i nærleiken av Blåhuset og Ulstein Arena og er eit lite eventyr av ein butikk! Her finn du mange kjende klesmerke av høg kvalitet, i tillegg til eksklusive duftlys, handkle frå Missoni og meir.

Foto: Cecilie Hatløy

Waage Gullsmed

Hos Waage Gullsmed opplever du gullsmedkunstens magi på tett hald – rettare sagt: midt i butikken! Stikk innom og sjå gullsmed Arild Waage skape vakre og spesielle smykke.

Brudevoll Kjøtt

Brudevoll Kjøtt har produsert lokal mat i over 100 år. Her får du tak i sjølvaste môrpølsa – ein sunnmørsk institusjon, i tillegg til mykje anna kortreist mat og det beste av gamle og nye oppskrifter.

Foto: Per Eide

Per Eide Studio

Per Eide er kanskje ein av Noregs mest anerkjende fotografar og vidkjend for sine spektakulære naturbilete – det vere seg frå toppen av eit fjell eller dykkande blant fisk og kval. Stikk innom studioet hans i sentrum og ta ein titt.

Foto: Cecilie Hatløy

Blåhuset

På Blåhuset finn du mange butikkar, mellom anna Apotek 1, Intersport, Bjørklund, Coop Mega, Vinmonopolet, Notabene, Lindex, Nille,  Mester Grønn, Creativo, AKY, Skin Tonic, Nobel, Valaker Bakeri og Sunkost.

Birger Sunde - Ur, Optikk & Gull

I over 50 år har familiebedrift Birger Sunde bydd på eit rikhaldig utval i gull, ur og optikk. Her får du utført synstest, hol i øyrene, reparert gamle og nye klokker og gravert ting – i butikken. Dei har hjarte for kunden og fokus på kundeservice.

Kreativiteten

Midt i hjartet av Ulstein ligg Kreativiteten. Her finn du alt du treng til dine kreative prosjekt og ein møtestad for kreative sjeler. Her bobler det av lidenskap og fagkunnskap om handarbeid og strikking. Drops, Sandnes, Rauma og Filcolana er berre noko av garnet du finn her, i tillegg til Sunnmøre største utval i knappar.

Ringstad Blomster & Byrå

Hos dei engasjerte blomsterspesialistane hos Ringstad Blomster & Byrå finn du dei vakraste blomster, grøne planter, krukker og pynteting. Her har dei verkeleg eit auge for design og hjarte for kunden.

Nordlys Design

Hos Nordlys Design finn du eit stort og heilt unikt utval av trendy og klassiske lamper og belysning, i tillegg til svært populære Uyuni LED-lys, vakre bilete og fotografi. Her har dei eit stort hjarte for kvalitet, produktkunnskap og kundeservice.

Intersport

Hos Intersport finn du absolutt alt du treng til ditt neste eventyr – enten det er ein tur i fjellet, på ski, sykkel, treningssenter, eller rett og slett ein kveld i sofakroken. Her sit komfort, turglede og gode opplevingar i høgsetet. I tillegg har dei både sykkelverkstad og skiservice.

Foto: Møbelringen Ulsteinvik

Møbelringen

Rett utanfor Ulsteinvik sentrum ligg Møbelringen. Dei har bydd på god service og fantastisk utval i ei årrekke. Her finn ein alltid det ein treng til heimen.

Foto: Nicelocal

Elkjøp

I Saunesmarka finn ein Elkjøp. Dei tilbyr alt av el-varer og god produktveiledning. I tillegg har dei ei eiga avdeling for Epoq-kjøkken – spør deira kjøkkenkonsulentar om hjelp til å oppfylle dine kjøkkendraumar!

Foto: NMS Gjenbruk

NMS Gjenbruk

Hos NMS Gjenbruk finn du alt du treng i det daglege, både stort og smått. Ta ein titt innom før du kjøper noko nytt, kanskje du finn ein unik skatt! Godt for miljøet, og godt for lommeboka.

Foto: Worn

Worn

Worn er ein av Ulsteinviks spanande bruktbutikkar. Her kan du leite etter både gamle og nye skattar – eller du kan leige ei bod, og selje nokre av dine skattar!

Foto: Hammerfestby

Happy Homes

Hos Happy Homes får du dei beste tipsa til ditt neste prosjekt. Ta turen for informasjon, motivasjon og inspirasjon – Dei hjelp deg å finne ei løysing du trivast med. Du treng ikkje å gjere jobben sjølv, her har dei handverkarar so gjer det for deg.

Jysk

I Saunesmarka finn du Jysk, kor du finn du alt du treng til hus og heim. Dei har breitt sortiment i ulike prisklasser.

Biltema

Biltema ligg i Saunesmarka. Her finn du alt du treng til bil, oppussing, hage og mykje meir.

Obs bygg

Like ved sentrum ligg Obs Bygg. Her er mange flinke tilsette som er ivrige etter å hjelpe deg med heim og hage.

Anna nyttig