Bugardsmyrane-i-ulsteinvik-ulstein-kommune

Bugardsmyrane

Naturmøteplassen og friluftsanlegget i Bugardsmyrane er eit ynda friluftsområde sommar som vinter.

Bugardsmyrane

Naturmøteplassen og friluftsanlegget i Bugardsmyrane er eit ynda friluftsområde sommar som vinter.

Aktivitetsanlegget i Bugardsmyrane er lett tilgjengeleg for alle. Frå parkeringa ved Bugardssvingen i Øvrevegen er det berre nokre få hundre meter på grusveg til Bugardsvatnet. Det er ikkje store vatnet det er snakk om, men likevel svært populært – spesielt om vinteren når skeisesesongen er i gang. Når mørkret fell på, vert isen lyst opp av lyktene rundt vatnet.

Frå Bugardsmyrane er der grusveg vidare til byggefeltet på Skeide. Du kjem deg også lett til fjells med tursti til Nibben og Osberget, i tillegg til turveg på grus opp Blodslitet/Mørdarbakken II, til Lisjevatnet. Naturmøteplassen i Bugardsmyrane har bålpanner til fri bruk, og der er gapahuk med bord og benker.

Praktisk info

Her kan du lese meir om Bugardsmyrane

Interessert i å finne ut av om det er skeise-is i Bugardsmyrane? Sjekk Facebook-sida her.