“Han såg ut på det bårute havet”
“Han såg ut på det bårute havet”
“Han såg ut på det bårute havet”
I Ulstein finn du alt frå nydelege krittkvite sandstrender til yrande liv i fjøresteinane. Og badinga, den kan du gjere året rundt – same korleis veret er.
Roppesanden på Flø er ei nydeleg kvit sandstrand med krystallklart vatn og fine steinar, ideelt for snorkling og badeleik. Roppesanden ligg idyllisk til ute i havgapet og er omkransa av Roppehornet og bondegardar.
Osnessanden er ei nydeleg kvit og langstrekt sandstrand i gåavstand frå Ulsteinvik sentrum. Stranda ligg lunt til i eit spesielt miljø med store skipskraner på den eine sida og storhavet på den andre. I havet utanfor finn du også restar av eit skipsvrak frå 1800-talet.
Overåsanden ligg på Hareid, ti minutts køyretur frå Ulsteinvik, og er ei av dei mest populære strendene på Hareidlandet. Overåsanden er kjent for den flotte kvite sanden og eit stort monument til minne om «Slaget ved Hjørungsvåg» i 986 e.kr.