næringsliv-ulstein
Foto: Cecilie Hatløy

Næringsliv i Ulstein

Innovasjon og industri

Næringsliv i Ulstein

Innovasjon og industri

Ulstein er kjent for sin lange tradisjon innan innovasjon og industri. Industrien er den største arbeidsgjevararen i Ulstein og sysselset 2260 menneske. Den har stor breidde med omsyn til fagfelt, kompetanse og funksjonar og har ei årleg omsetning på ca 6 mrd NOK.

Sjølv i nasjonal målestokk finn ein få kommunar med like stort innslag av kompetanseindustri som Ulstein. Industrien er verdsleiande når det gjeld innovasjon innan skipskonstruksjon, framdriftssystem, design, med ei rekke produsentar av ulikt skipsutstyr og -løysingar. I tillegg til dette finst det industribedrifter innan mekanikk, robotikk, energiproduksjon, bygg m.m.

Praktisk info

Offisielle besøk

Ved ønskje om offisielt besøk til bedrifter i Ulstein er det berre å ta kontakt med Ulstein Næringsforum. Ulstein Næringsforum utarbeider program i samarbeid med verksemd og dei besøkande, og legg til rette for spennande besøk for alle slags delegasjonar.

Kontakt

Anna Klara Måseide, prosjektleiar
E-post: anna.klara.maseide@ulstein-nf.no
Tlf: +47 975 29 894

Les meir på Ulstein Næringsforum sin nettstad

Green Yard Kleven

Kleven har djupe røter i lokalsamfunnet og ei historie som strekker seg mange tiår tilbake i tid. Gjennom heile historia har vilje til hardt arbeid og eit ønskje om å stadig forbetre metodar og resultat vore eit kjennemerke. Green Yard Kleven investerer i ny kunnskap og ny teknologi for å sikre at stolte skipsbyggingstradisjonar skal halde fram.

Ulstein Design & Solutions

Ulstein Design & Solutions spesialiserar seg innan design og redesign (konvertering, ombygging, oppgradering) av spesialfartøyer, i hovedsak for offshoremarkedet og står bak innovasjoner som X-BOW (lansert 2005) og X-STERN (lansert 2014).

 

Island Offshore

Island Offshore er eit reiarlag med om lag 950 tilsette. 50 av dei sit på kontoret i Ulsteinvik, og 900 er fordelt på 25 ulike båtar rundt om i verda.

Mare Safety

Mare Safety blei grunnlagt i 1999 og produserar redningsbåtar og bysser til offshore-industrien rundt omkring i verda.

Skaparhuset

Skaparhuset er eit møtepunkt for innovasjon og samarbeid; eit drivhus for dei gode ideane og ein arena for læringslivet. Skaparhuset finn du midt i Ulsteinvik sentrum.

Prodtex

Prodtex er ein nystarta bedrift i Ulsteinvik med produksjonslokale på Fiskå, som utviklar morgondagens produksjonsmetodar for stålkonstruksjonar.

Helseteknologi

Ulstein kommune er ein framtidsorientert kommune som har satsa på å bygge opp mange gode løysingar innan helseteknologi for å møte morgondagens behov.

Teknologiskulen

Gjennom Teknologiskulen får elevane i Ulsteinskulen frå 1-10 klasse innsikt i korleis teknologien rundt oss fungerer, korleis ein kan løyse problem med denne teknologien og korleis ein kan skape ny teknologi. Læringa er kopla tett opp mot læreplanane