ete-og-drikke-cecilie-hatløy-visit-ulstein
Foto: Cecilie Hatløy

Restaurantbyen på Søre Sunnmøre

Ete og drikke

I Ulsteinvik er det lang tradisjon for å gå ut og spise. Her kan du ete og drikke i eit rikt utval spiseplassar tilpassa ei kvar lommebok og høve. 

Foto: Cecilie Hatløy

Maluns Restaurant

Maluns restaurant serverer nydeleg mat med sveitsisk og norsk vri. Maluns er lokalisert i ei eldre sjøbud ved småbåthamna i Ulsteinvik. Her får du lunsjrettar, middag, dessertar, kaffi og kaker. Restauranten tek imot større grupper (max 50stk), smågrupper og lag.

Foto: Cecilie Hatløy

Pir Bar og Restaurant

Pir Bar & Restaurant er på Quality Hotel Ulstein. På Pir står gode råvarer i sentrum. Smaksopplevingane blir supplerte med spennande vinar. Restauranten har plass til 120 gjester. Det er i tillegg to separate selskapslokale for private eller lukka arrangement. Baren har 18-års grense og alle rettar.

Foto: Cecilie Hatløy

Snorrebuda Mat og Vinhus

Sushi, vårrullar, dumplings eller boliños? Nydeleg mat og koseleg atmosfære til ein god pris, har på kort tid gjort Snorrebuda til ein lokal favoritt.

Foto: Kaffebaren/Facebook

Kaffebaren

Kaffebaren ligg midt mellom Blåhuset og Rådhuset og er ein svært populær kafé med stor meny, heimelaga kaker og deilig kaffe eller heimelaga slush. På Kaffebaren er det yrande liv på kveldstid så vel som på dagtid. Uteservering.

Foto: Cafè Nova

Cafe Nova

Cafe Nova serverer koseleg og tradisjonell heimelaga mat. Her finst eit stort utval smårettar i tillegg til à la carte. Cafe Nova ligg midt mellom Ulstein rådhus og Ulstein Kyrkje.

Foto: Charles Deluvio / Unsplash

Mae Kanya’s Thai Food

Mae Kanya’s Thai Food serverer autentisk thaimat til lunsj og middag, eller take away og catering. Her kan du få ei smaksprøve, bestille kombinasjonar av to eller tre rettar, og sjølvsagt nyte klassikarar som stekt ris, grillspyd, Tom Kha Gai og vårrullar.

Foto: Brygga Sportsbar

Brygga Sportsbar

Sports, shuffleboard, dart, food, drinks, sport, nightclub. Mat og alle rettigheiter. Uteservering på Brygga.

China House

Hos China House får du god kinesisk mat i trivelege lokale.

Foto: Cecilie Hatløy

Mjøl og Meir

Mjøl & Meir er eit koseleg handverksbakeri og kaffibar sentralt plassert i Ulsteinvik. Her får du nydelege brød og bakevarer. Kva med å prøve ein Ole Brum-bolle?

Pizzabakeren

Freistar ein saftig og god pizza? Stikk innom Pizzabakeren eller bestill take-away.

Foto: Garnes Thai

Garnes Thai

Garnes Thai er ein nydeleg liten take away-restaurant på Garnes, om lag fem kilometer frå Ulsteinvik. Bestill online og hent.

Foto: Willy's Gourmet

Willy's Gourmet

Willy’s Gourmet er ein møteplass for deg som elskar god mat og drikke. Her har dei eit fantastisk utval pizza, sushi, kebab og bakevarer, i tillegg til catering. Dei held til i flotte lokalar i Sjøgata 30, med fantastisk atmosfære og utsikt.

Bilde: Gode Greier

Gode Greier

Gode Greier lagar saft, sylte, gelé, sjokolade, bærsaus og honning. Her får du miljøvennleg og kortreist mat basert på eigendyrka bær og frukt.

Napoli Pizza

Midt i Ulsteinvik sentrum finn du Napoli Pizza som serverer deilig italiensk pizza, også take away.