I lundefuglen og ørna sitt magiske rike
I lundefuglen og ørna sitt magiske rike
I lundefuglen og ørna sitt magiske rike
Etter 45 minutts køyring frå Ulsteinvik kjem du til spektakulære Runde, eit av dei mest kjende fuglefjella i Noreg. På Runde er du midt i lundefuglen og ørna sitt rike. Her kan du rusle over dei spesielle fjella ein finn i havgapet, oppleve lundefugl, havsule, krykkje, alke, lomvi og mange andre fuglar på tett hald. I havet kan du oppleve sel, og i fjellet kan du av og til treffe på beitande sauer.