saunesparken-ulsteinvik-syklar

Saunesparken

Saunesparken – Noregs beste uterom

Saunesparken

Saunesparken – Noregs beste uterom

Parken har mykje å by på. Her finn du leikeområde for dei minste borna, minigolf, to sandvolleyballbaner, streetbasket, kunstgrasbane, petanquebane og fleire benker og sitjegrupper.

I tillegg er dei monumentale betongflatene og trappene ned mot Sauneselva eit flott innslag i parken. Og kva med å ta med fiskestanga og fiske litt i Sauneselva saman med dei små borna? Vi garanterer ingen fisk – men ei kjekk oppleving.

Praktisk info

Quality Hotell Ulsteinvik ligg vis a vis parken. Der har du tilgang til toalett, og i resepsjonen kan du leige utstyr til minigolf.

Aktiv bruk

Parkrommet inviterer til aktiv bruk. Den vender seg til mange brukargrupper, på tvers av generasjonar og interesser. I parken er det gras, benker og tre, der er leikeplass, minigolf, kunstgrasbane, basketballbane og sandvolleyball. Du kan også gå på elvepromenade! Der er montert tappekrane for drikkevatn.

Noregs beste uterom

20. april 2016 vart Saunesparken i Ulsteinvik kåra til Noregs beste uterom, i klassa for tettstadar og friområde. Det er vi stolte av, for det er verkeleg ei sentrumsperle! Saunesparken har høg estetisk kvalitet med godt design og varig materialbruk. Les meir

Saunesparken er ei sentrumsperle.