roppesanden-badeglede-visit-ulstein-strandliv

Strandliv

«Han såg ut på det bårute havet»

Strandliv

«Han såg ut på det bårute havet»

I Ulstein finn du alt frå nydelege krittkvite sandstrender til yrande liv i fjøresteinane. Og badinga, den kan du gjere året rundt – same korleis veret er.

Våre vakre badestrender:

Roppesanden

Roppesanden på Flø er ei nydeleg kvit sandstrand med krystallklart vatn og fine steinar, ideelt for snorkling og badeleik. Roppesanden ligg idyllisk til ute i havgapet og er omkransa av Roppehornet og bondegardar.

  • Parkering ved Gåsneset

Osnessanden

Osnessanden er ei nydeleg kvit og langstrekt sandstrand i gåavstand frå Ulsteinvik sentrum. Stranda ligg lunt til i eit spesielt miljø med store skipskraner på den eine sida og storhavet på den andre. I havet utanfor finn du også restar av eit skipsvrak frå 1800-talet.

  • Parkering ved gravplassen. Toalett finn du i kapellet.
  • Dusj med ferskvatn, men du må tåle ein kald dusj.

Mindre badestrender

  • Badestranda ved Flø Feriesenter
    Badestranda ved Flø Feriesenter er ei lita, fin og kvit sandstrand, ideelt plassert i nærleiken av feriesenteret.
  • Badestranda på Eiksund
    Ved Eiksundbrua finn du ei fin lita strand ved sjøen.
  • Badestranda på Borgstein
    På veg innover frå Ulsteinvik finn du badestranda på Borgstein. Den ligg fint til og har fin og kvit skjellsand.
Foto: Erlend Friestad/Hareid kommune

Overåsanden - Hareid

Overåsanden ligg på Hareid, ti minutts køyretur frå Ulsteinvik, og er ei av dei mest populære strendene på Hareidlandet. Overåsanden er kjent for den flotte kvite sanden og eit stort monument til minne om «Slaget ved Hjørungsvåg» i 986 e.kr.

  • Overåsanden har utedusj og sanitæranlegg med toalett.
  • Det er ein stor parkeringsplass rett ved badestranda.

Anna nyttig