Spektakulære Hjørundfjorden
Spektakulære Hjørundfjorden
Spektakulære Hjørundfjorden
Hjørundfjorden har lenge stått litt i skuggen av storesøstera, Geirangerfjorden. Medan Geirangerfjorden tronar på UNESCO si verdensarvliste og blir trafikkert av ei to-sifra mengde av cruisebåtar kvar sesong, ligg Hjørundfjorden der som ein uslepen diamant, kanskje best kjend blant fjellklatrarar, frikøyrarar på ski og lokalbefolkninga. Heldigvis er det fleire som er i ferd med å få augene opp for fjorden med sine spektakulære omgjevnader, perfekt for uteaktivitet.
Fjellet Slogen har vore ein ynda favoritt blant fjellturistar i over hundre år. Her finst det fleire ruter ein kan ta. Sjå gjerne Ut.no for meir informasjon.
Ein tur gjennom den tronge og mystiske Norangsdalen opp til Lygnstøylsvatnet er ein særeigen tur som ein absolutt bør ta seg tid til!