Oversikt over arrangement.
Ulstein Ten Sing og KFUK-KFUM Møre og Romsdal inviterer til Vintertreff i Ulsteinvik 7.-9. mars 2025! Årets tema er ”GUD TIMES”.
Vi skal halde til på Sjøborg Kulturhus, Ulstein Arena og Ulstein skule.
Dette blir ei fartsfylt helg med mykje kjekt program. Festivalen er for deg mellom 13-19 år som likar – å henge med fine folk – song og musikk – volleyballturnering, – god mat – konsertar – og gode opplevingar som vil skape minner for livet. Mellom anna kjem stjerneskotet AUGUST med band, som sjølv starta si musikalske reise i Ten Sing-miljøet. Vi ventar deltakarar frå heile nordvestlandet. Dette vil du ikkje gå glipp av.
I tillegg vil det vere to konsertar som er opne for eksternt publikum via billettsal. Dette kjem det meir info om.