Vi vil igjen samle alle i næringslivet for å «henge» og markere eit nytt år – og nye moglegheiter? Vi gjentek suksessen frå Back to Work i august, og har på ny invitert vår kjære psykolog og hjerneekspert Tomas Myklebust til å snakke om korleis i all verda ein skal angripe eit nytt år og alt det kan by på av oppturar og nedturar. Vi gler oss!!
Ta turen til Skaparhuset etter jobb denne dagen – vi byr på litt godt i nebbet i form av både mat og bobler og ikkje minst deilig loungestemning og frykteleg triveleg selskap!

Dørene opnar kl.16, men sjølve programmet tek ikkje til før rundt 17:30.